Kro

Med god tilgang på ferske råvarer rett frå havet, tilbyr vi deg fiskerettar etter lokale oppskrifter.

Du får skreddersydde opplegg til blåturar, bursdagar eller anna.

Kontakt oss på førehand så ordnar vi menyen etter ditt ynskje.

Tlf: 95 77 80 71 / 57731128    E-post : gjestehamn@vaerlandet.no

Kommentar frå gjest :
" Fiskesuppa er så god, at den burde vært på utstilling i Paris "  :)

Lokale råvarer blir nytta så langt råd er .) Vi har både fisk og skalldyr, hjort og villsau å ta av . Til og med ein eigen urtehage.:)

Heimelaga kaker og dessertar på kroa i Værlandet Gjestehavn

Kroa / Tante Grys Pub,  er godt eigna til selskapslokale - alt frå bryllaup til bursdag.  I salen nede kan vi dekke til 85-90 pers. og på galleriet er det plass til ca 30 pers.

Elles har vi møterom, biljard, bibliotek, suvenirar og info om øyane. Vegg i vegg ligg Norsk Sjøfuglsenter.